23 februar 2014

Mini-break til Stockholm, dag III

Søndagen hadde vi berre eit par ting vi skulle sjå: Vasa, på hockeyfinalen og Amadeus på Dramaten.

Vasa var fantastisk! Heile historien er jo fullstendig vanvittig - her byggjer ein eit digert skip, sjøset det og så synker det etter ti minutter innaskjærs. Der får det liggje i over tre hundre år, og så grev ein det opp att. Utruleg imponerande byggverk, ikkje like imponerande funksjonsnivå. Museet er verdt ei vitjing, altså, det er kjempeflott.

Så var det tid for hockeyfinale. Vi håpte sjølvsagt at det skulle ende med OS-gull til svenskene, og var vel budde på å bli med på feiringa etterpå. Vi fann oss nok ikkje den staden der den mest ihuga hockefansen såg kampen, vi var på Sjöcaféen med utsikt til Strandvägen, som visstnok er Sveriges fornemste adresse. Strandvägen ser slik ut frå Djurgårdssida av vassputten:
Sverige tapte jo diverre finalen, så då måtte vi finne på noko anna enn å feire, så vi traska litt rundt i Gamla Stan før vi endte i staselege omgjevnadar på Dramaten:


Vi såg Amadeus, med Johan Rabaeus i hovudrolla som Salieri, hoffkomponisten som brått fekk ein ung Mozart å konkurrere med. Og lamslåtte var vi båe, han var heilt utruleg bra, ein fantastisk prestasjon. Vi skulle berre sjå noko, vi, for å ha vore på Dramaten. Og dei selde stykket som eit artig stykkje, mest som ein farse eller ein musikal. Og det var artig, for all del, men så mykje meir også. Eg har blitt Rabaeus-tilhengjar.

22 februar 2014

Mini-break til Stockholm, dag II

Laurdagen kom med nydeleg solskin, så vi sette ut for å traske Stockholm. Først måtte vi sjølvsagt utforske skuta, samt ta eit par bilete av skuta og omegn. Under ser de Jokke og nabokåken. Om sumaren er det restaurant der, så vi må attende og teste den.
Biletet under skjønar de visst at er hovudmasta til af Chapman, eller kva? 
Deretter traska vi utover frå af Chapman og utover mot Kastellholmen. Her har det vore sjøkrigsskole og militærforlegning og slikt, så Jokke kjente seg veldig harmonisk (Jokke får lågare puls av å sjå kaserner, det er ein miljøskade) og glad. Det var jo så nydeleg ver, så vi slo fast at første mål for dagen måtte vere å kjøpe solbriller.

Det ligg fritidsbåtar overalt i Stockholm, og somme av eigarane er visst like opphengte i å kveile tau pent som det eg er. Sjølv eg blei imponert av det her, altså, og eg er jo ganske pirkete...
 Her ser de mannleg norsk turist som nyt utsikta og veret: 
På eit tidspunkt fekk eg eit innfall av genialitet, og skrudde på Stravaen. Eg kjem attende til det. 

Deretter: centrum. I Kungsträdgården var det mogleg å få prøve seg på curling, rett nok på plast og med hjul under steinane, men det var ganske artig lell. Jokke var kjempeflink!
Det var storskjem med OS på og ein del arrangement i Kungsträdgården, men det var litt trykka stemning, for dei norske jentene tok jo alle medaljeplassane den dagen, så det var ikkje så mange partysvenskar å få auge på. Dei fleste var veldig rause og tala vent om dei norske utøverane, men sjølv vi synest jo det er litt trist med berre nordmenn på pallen, då.

I Kungsträdgården fann vi åtte svanestatuar. Av ein eller annan (truleg veldig symboltung og kunstnarleg) grunn hadde fire av svanene fått små strikka halsdukar. Det var jo sympatisk, men vi synest vel dei kunne ha pakka på alle åtte svanene når dei først var i gong. 
Etter å ha testa curling, syntest vi det var på tide å spise litt lunsj, og det gjorde vi på ein triveleg liten café ikkje så langt frå svenska armémuseet. Jokke hadde litt lyst til å gå på armémuseet (såklart), men sidan det var fint ver prioriterte vi å vere ute. Vi sto over kaka på caféen (ulikt oss, altså!), for vi tenkte det kunne vere artig å teste fleire caféar. Og rett nok, ikkje lenge kom vi over Östermalms saluhall, der det verkeleg bugna av godsaker, både grønsakar...
 ...og marengs!  
Diverre var det altfor mange andre som også synest Östemalms saluhall var ein fin stad å vere ein laurdags ettermiddag, så vi labba vidare til Akademibokhandeln som til alt hell faktisk hadde ein café i seg. 

Eigentleg var planen å berre vere der litt, for så å hengje oss med på vintercruise i skjærgården, men de veit, Jokke og Ellen kjem seg ikkje ut av ein bokhandel på berre ein time, så cruiset gjekk utan oss. Utruleg nok kom vi oss ut utan å kjøpe noko, men det var mest av di vi hadde byrja tenkje på om ikkje Chokladfabriken litt opp i gata kunne vere rett stad for å ete kake. Og det var det! 

Sju timar på beina seinare var det på tide med ein liten kvil, og dermed var det klart for å sjekke Stravaen. Sju timar hadde vi vore ute, i underkant av to timar effektiv rørsle, og om lag ei mil tilbakelagt på brustein og asfalt - ikkje rart vi hadde vondt i ryggen og såre føter! Eg har lagt lenkje til rapporten på Strava, og ein kan verkeleg spørje seg om vi var edru, ja. 

På kvelden spiste vi på ein triveleg liten argentinsk restaurant i Gamla Stan, og det var ordentleg triveleg. Men kaldt. Aldri gå nokon stad utan vottar, ullue og dunjakke!

21 februar 2014

Mini-break til Stockholm, dag I

Førre helg var husbonden og eg på ein liten mini-ferie til Stockholm. Det har vore litt mykje for oss båe dei siste vekene, og sjølvsagt blei vermeldinga for fjellstroka austafjells mykje dårlegare mot slutten av vinterferien. Ikkje kunne Jokke ta seg fri frå jobb meir enn ein dag heller, så då måtte vi sjå oss rundt etter noko som ikkje var så langt unna.

For oss som bur på Nedre Romerike er det veldig greitt med Stockholm. Ein tek seg til Lillestrøm (eg har lurt på om eg skal - i nynorskens namn - kalle om staden til Veslestraum) og går ombord på Svenska Järnvägars tog til Stockholm C. Som tenkt så gjort.

Det gikk grueleg sakte i byrjinga - eg trur det går like snøgt med bil til Skarnes i alle fall, men då rista i alle fall ikkje toget så fælt medan vi åt medbragt sushi. Øl fekk vi på toget.
Det var litt kaldt på toget, og mange med oss hadde funne ut at Stockholmsferie var tingen, så det var ganske mykje folk på toget. Eg angra allereie på at eg ikkje hadde teke med meg eitt av dei fine og ikkje minst digre russiske ullskjerfa mine. Dei har redda meg på grøsskalde tog før (St. Petersburg - Helsinki), og eg burde ha hugsa på det. Men så tenkte eg at eg skulle vere "winter chic", då veit de, og ikkje drasse med meg eit pledd rundt halsen, og det angra eg jo. Aldri reise nokon stad utan dunjakke, utanom på sumaren, for då brukar ein primaloft, det er jo regel nummer ein.

Vi hadde booka oss inn på af Chapman, som er ein fullriggar i stål som no er gjort om til vandrarheim. Skuta ligg på Skeppsholmen, berre ein vassputt frå Kungliga Slottet, så det er verkeleg sentralt - ti minutt å gå, så er ein på Stureplan, Kungsträdgården eller Gamla Stan. Det er ikke dødsbillig der, men det er jo veldig kult då, og det ligg jo som sagt midt i byen. Her er eit bilete av lugaren vår:
Og her er eit par bilete av utsikten vi vakna til på laurdagen, mot Birger Jarl og den tyske kyrkja i Gamla Stan... 
 ...knugelega slottet...
 ...og af Chapman sjølv, med norsk turist. 
Vi kom fram i eit grøteleg regnver, men så tok det seg verkeleg opp, og vi hadde veldig fint ver alle tre dagane. Varmt var det ikkje, men vi måtte kjøpe solbriller, og det held i februar, altså.